"Aktivitetsvenn"

Å vera aktivitetsven er enkelt. Du treng berre å gjera noko du likar, samstundes som du gir ein med demens fleire gode dagar og gode opplevingar.

Aldersgruppe: For alle

Både pårørande, og dei som sjølv blir råka av demens, vil kanskje oppleve at enkelte aktivitetar kan bli vanskelege å gjera aleine. Ein aktivitetsven gjer det enklare å kome seg ut og oppleve ting ein set pris på. Du kan vera med å gjera ein stor forskjell for dei som har utfordringane som demens gir i familien. Det er ein enkel jobb, for du treng berre å gjera det du allereie likar, saman med ein som har demens.

Du kan vera aktivitetsven ein gong i veka, eller etter personleg avtale med den som vil ha denne aktiviteten.

Det vert tilbode kurs for dei som ønskjer det. For meir informasjon kan du gå inn på Nasjonalforeningen for folkehelse si nettside: https://nasjonalforeningen.no/tilbud/aktivitetsvenn-for-personer-med-demens/vil-bli-aktivitetsvenn/ 


2024 © Austevoll Frivilligsentral