-
Bli frivillig
Me ønskjer fleire frivillige ved sentralen og her kan du melde di interesse.
Personvernerklæring
Dette dokumentet handlar om korleis Austevoll frivilligsentral samlar inn, lagrar og nyttar informasjon om personar. Ta kontakt med oss dersom du er usikker på kva dette betyr for deg.Innledning
Ved Austevoll Frivilligsentral er me opptatt av at du skal ha tillit til oss og korleis me handsamar dine personopplysningar. I denne personvernerklæringa informerar me om korleis me hentar inn, oppbevarar og brukar personopplysningar. Målet vårt er å vera heilt opne om dei data me samlar inn og gi deg forståing for korleis desse dataene brukast og evt. delast.
Kva opplysningar me samlar inn og handsamar
Informasjon om våre frivillige
Frivilligsentralen held kontakt med dei frivillige og formidlar frivillig innsats. Derfor har me eit register over dei frivillige, der dei frivillige gir sitt samtykke til lagring av følgjande opplysningar:
- Namn, fødselsdato, adresse, telefon, e-post, bilete
- Kva aktivitetar den frivillige er med i
- Kva oppdrag den frivillige deltar på
Frivillige som ønskjer det, får tilgang til å logge inn på systemet, og kan då sjå kontaktopplysningar om dei andre frivillige. Dette er gjort for å forenkla kontakten mellom dei frivillige.
Me sørgjer for at alle våre frivillige skriv under på teiefråsegn og hentar inn politiattest for dei som skal arbeide med barn og ungdom. I vårt register lagrar me informasjon om teiefråsegn og politiattest.
Informasjon om våre brukarar/tenestemottakarar
Når me formidlar frivillig arbeid til enkeltpersonar, treng me å ha kontaktinformasjon om dei som mottek tenestane. Dette vert gjort for å forenkla kommunikasjon mellom dei som er involvert og for å levera ei god teneste.
Informasjon om våre deltakarar
Når sentralen gjennomførar arrangement, treng me av og til å vite kva personar som deltek. Her lagrar me for det meste kontaktinformasjon.
Informasjon om dei som besøkjer nettsidene våre
For dei som besøkjer våre nettsider, samlar me inn bruksdata for å kunne tilpasse sidene best mulig. Me nyttar Google Analytics til å måle bruken av nettsidene. IP-adressa anonymiserast ved at me slettar den siste siffergruppa. All kommunikasjon skjer over sikkert samband med https.
Informasjon om dei me er i kontakt med
Me lagrar ofte telefonnummer og e-post på dei me er i kontakt med. Når det gjeld e-post, tar me vare på inn- og utgåande e-postar for arkivbehov. Me har ikkje sentralbord, men brukar mobiltelefon som hovudnummer.
Kven delar me personopplysningar med?
Me delar informasjon om brukar/tenestemottakar til frivillige der me meinar det er naudsynt. Elles delar me ikkje personopplysningar med nokon utanfor frivilligsentralen.
Dine rettigheiter
Personar som har personopplysningar hos Austevoll Frivilligsentral kan be om følgjande:
- Få tilgang til personopplysningar me har om vedkommande
- Slette opplysningar som me ikkje lengre har grunnlag til å oppbevare
- Avgrense eller stoppe handsaminga av dine opplysningar
Ta gjerne kontakt med oss viss du vil ha meir informasjon om dette. Kontaktinformasjon står nederst i dokumentet.
Hvis du meinar at me handsamar personopplysningar i strid med personopplysningslova, har du rett til å klage til Datatilsynet. Før du eventuelt gjer dette, er det fint om du kontaktar oss slik at me kan svara på dine spørsmål eller oppklare eventuelle misforståingar.
Kontaktinformasjon
- Austevoll Frivilligsentral
- Kontaktperson
- Ann May Storebø, daglig leder
- Telefon: 55081115/48280623
- E-post: ann.storebo@austevoll.kommune.no
- Adresse: Prestanesvegen 51, 5392 Storebø