Me håpar på godt ver, men me legg til rette for at me kan bruka husa dersom me treng søka ly. Det vert sal av rømmegraut, hot-dog og lappar inne i låven, men blir været like bra som i fjor vil me flytta noko ut. Kryssar fingrane for det!
Me håpar at me skal ha eit stort fint bål, men sjølvsagt går tryggleik før flammar, så dette må me sjå an etter vèr og vind. Det vert fyrt i ca klokka 15.30 i allefall. Me håpar på "levande" trekkspelmusikk, men om me må ta til takke med høgtalar så kjem me nok gjennom det og.
Det vil vera moglegheit for litt leik og moro for liten og stor, og sjølvsagt kan ein tippa vekt på fenalår, og kjøpa litt lodd dersom ein ønskjer det. Dette blir kjekt!
Me fyrar ikkje i gong grillane, sidan det sjeldan er nokon som vil grilla, men om du likevel vil det så ordnar me det etterkvart.
Ta med deg liten og stor, gammal og ung, (og skikkeleg godt humør), til ei kosleg stund på Hufthamartunet!
Søndag
23
Juni
2019
Det var stor suksess med Sankt Hans-feiring midt på dagen i fjor, så me vil gjerne prøva oss kl 15 i år igjen, sidan det er søndag og mange har fri.
Kl. 15:00 - 18:00, Hufthamartunet
Sankthans-feiring
Flere kalenderoppføringer
Onsdag 25. desember 2024 kl. 11:00 - 13:00
Onsdag 25. desember 2024 kl. 13:00 - 14:00
Torsdag 26. desember 2024 kl. 10:00 - 12:00
Onsdag 01. januar 2025 kl. 11:00 - 13:00
Onsdag 01. januar 2025 kl. 13:00 - 14:00
Nyttige lenker
Kontakt
Prestanesvegen 51
5392 Storebø