Aktivitetsleiarar SommarGØY 2020

Er du ein ansvarleg, aktiv og omsorgsfull vaksen/ungdom, som vil vera med å laga kjekke aktivitetar for barn sommaren 2020?

Aldersgruppe: 15 til 85 år

Me vil arrangera SommarGØY for andre gong, og treng flinke og engasjerte leiarar i veke 26, ( 22.-26. juni) og veke 32,  (3.-7.august). Oppgåvene vil vera varierte og kjekke, og kreva at ein er påkopla og aktiv til ei kvar tid. 

Me kan lova gode opplevingar, kjekke aktivitetar og nye venskap mellom små og store.

Vil du vita meir om kva dette inneber, ta kontakt med frivilligkoordinator på epost ann.storebo@austevoll.kommune.no eller tlf 48280623.

2020 © Austevoll Frivilligsentral