SOMMARGØY 2019

Austevoll frivilligsentral arrangerar feriegøy med mange ulike aktivitetar, siste veka i juni og første veka i august.

Aldersgruppe: 8 til 16 år

Sommargøy er ferieaktivitetar for dei mellom 8-16 år! Me vil dela inn i ulike grupper, alt etter kor mange blir.

Har du lyst på ein aktiv ferie saman med andre barn/ungdommar og ein fin gjeng vaksne, så har de sjansen å vera med oss i to godt planlagde og kjekke veker i sommar. 

Me vil vera ute og inne, og aktivitetane vil vera på ulike plassar i kommunen. Me vil ha overnatting frå torsdag til fredag for dei som ønskjer det, og alle som melder seg på vil få ein timeplan som fortel kor me skal vera til eikvar tid.  Det står mange kjekke opplevingar i kø for oss, så om dette høyres interessant ut, ta kontakt! Me kan senda søknadsskjema til deg, men du kan også henta det hos oss på frivilligsentralen, eller på kommunehuset. SOMMARGØY 2019 Aktivitetar. Påmeldingsfrist er søndag 16.juni.

Ta gjerne også kontakt dersom du er over 16 år, og har lyst å vera med som aktivitetsleiar. 


Dette blir sommarGØY!

2019 © Austevoll Frivilligsentral