TelefonVen

Ei samtale med nokon på telefon kan gjera ein trist kvardag mykje betre, og de skal ikkje så mykje til for å få det til.Har du lyst å å vera den som ringer nokon, eller den som får ein telefon? Les meir om TelefonVen her: https://www.telefonvenn.no/

Aldersgruppe: For alle

No når alle aktivitetar og tilbod me normalt sett har er avlyste, er det fleire som kjenner på einsemd. Folk sit i karantene eller sit isolert for å unngå smitte, og har ikkje lenger dei faste sosiale haldepunkta i kvardagen. Me veit at dette kan vara over tid, og då kan ein telefon bety svært mykje for ein som sit isolert og bur åleine.

Me startar no tilbodet ringevenn, og håpar at mange vil få glede av det. Som ringevenn kan ein ta ein telefon eit par gonger i veka, og slå av ein prat med nokon som ønskjer det.
Som frivillig har ein teieplikt, og nokre retningslinjer ein skal følgja.

Me vil gjerne koma i kontakt med deg som vil vera ringevenn, og deg som ønskjer ein ringevenn.


2024 © Austevoll Frivilligsentral