Ung jobb

Ung jobb er eit sommartilbod for ungdom mellom 15-19 år som har lyst å arbeide, og eit tilbod til personar som treng hjelp til ulike oppdrag.

Aldersgruppe: 15 til 19 år

Oppdragsgivar melder inn arbeidsoppdraga til ungjobb@austevoll.kommune.no, som tar i mot arbeidsoppdraga og fordelar dei til ungdommen. Oppdraga må meldast inn minst 3 arbeidsdagar før det skal utførast.

Døme på oppdrag kan vera:
Plenslått, slåttarbeid, hagearbeid
Hjelp i heimen (t.d. vasking, støvsuging, vask av vindauge).Ung jobb hefte 2019
Barnepass
Lagerarbeid og liknande i butikk/bedrifter.
Pass av dyr

Det er ikkje kommunen, men oppdragsgjevar som er arbeidsgjevar. Oppdragsgjevar er ansvarleg for å ha arbeidsavtalar og informere om timelister.

2019 © Austevoll Frivilligsentral